§ 6-4. Omsorgsplikta som følgjer med foreldreansvaret

Dei som har foreldreansvaret, skal ivareta barnet sine rettar etter kapittel 1. Dei skal ta omsyn til at kva som er best for barnet, kan endre seg gjennom oppveksten til barnet, mellom anna ut frå alder og modning.

Dei som har foreldreansvaret, skal gi barnet omsorg, kjærleik, forsørging og ei oppdraging med respekt for eigenverdet til barnet. Dei skal òg bidra til at barnet får utdanning. Barnet har rett til omsorg frå begge foreldra, og foreldra må så langt mogleg samarbeide om å ivareta helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8