Foreldre med foreldreansvar har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege forhold innanfor dei grensene som sjølvråderetten og retten til medverknad for barnet set.
Foreldre som har felles foreldreansvar, skal ta avgjerdene saman, med mindre anna følgjer av lov. Når ein forelder har foreldreansvaret aleine og det er avtalt eller fastsett samvær, skal forelderen som har foreldreansvar, gi den som har samværsrett, høve til å uttale seg før det blir teke avgjerder som vil gjere det vesentleg vanskelegare å gjennomføre samværet.
For retten til å ta avgjerder for barnet i økonomiske saker gjeld reglane i vergemålsloven.
Ein avtale om ekteskap som foreldre eller andre gjer på vegner av barnet, er ikkje bindande.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.