Den eller dei som har dagleg myndigheit for eit barn, har ein rett og ei plikt til å ta dei viktigaste avgjerdene om dagleglivet til og omsorga for barnet.
Foreldre som budde saman da barnet vart født, og som seinare flyttar frå kvarandre, har dagleg myndigheit. Der foreldra ikkje budde saman da barnet vart født, har mor myndigheita aleine. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom anna følgjer av avtale eller avgjerd. Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn i ei avtale eller avgjerd om dagleg myndigheit. Berre dei som har foreldreansvar, kan ha dagleg myndigheit.
Er foreldra ueinige, avgjer retten om begge eller ein av dei skal ha dagleg myndigheit. Retten kan setje vilkår for dagleg myndigheit.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.