Den eller dei som har dagleg myndigheit for barnet, har rett til å ta avgjerd om kor i landet barnet skal bu. Der begge foreldre har dagleg myndigheit, må dei bli einige om slik flytting.
Dersom ein som har dagleg myndigheit aleine, vil flytte med barnet, skal den andre forelderen bli varsla seinast tre månader før flyttinga dersom det er gjort ein avtale eller teke ei avgjerd om samvær.
Er foreldra ueinige, kan ein av foreldra krevje mekling etter § 10-2 tredje ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.