§ 8-6. Samvær med støtta eller beskytta tilsyn

Dersom omsynet til barnet taler for det, kan retten i særlege høve gi pålegg om støtta tilsyn eller beskytta tilsyn under samværet.

Støtta tilsyn går ut på at barnet eller samværsforelderen får støtte eller rettleiing under samværet.

Beskytta tilsyn går ut på at foreldre og barn i tillegg til støtte og rettleiing har tilsyn under heile samværet. Beskytta tilsyn skal nyttast når det er nødvendig for å beskytte den fysiske og psykiske helsa til barnet.

Den kommunale barnevernstenesta kan påleggjast å nemne opp dei personane som skal føre tilsyn ved pålegg om beskytta tilsyn, og følgje opp saka. Departementet kan påleggjast å nemne opp dei personane som skal føre tilsyn ved pålegg om støtta tilsyn, og følgje opp saka.

Tilsyn kan påleggjast i ein dom, i ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 eller i rettens avgjerd etter eit rettsforlik. Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast. I pålegget skal vilkåra for samværet fastsetjast, mellom anna timetalet og avgrensa varigheit. Om saka blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for formålet med tilsynet og behovet til barnet.

Det offentlege dekkjer kostnadene med tilsyn etter denne paragrafen.

Den som skal oppnemnast til å føre tilsyn etter denne paragrafen, skal leggje frem politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39.

Departementet kan gi forskrift om samvær med støtta eller beskytta tilsyn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8