§ 8-8. Reisekostnader ved samvær med foreldra

Nødvendige reisekostnader ved samvær skal delast mellom foreldra etter kor stor inntekt dei har, dersom dei ikkje blir einige om noko anna. Dette gjeld reisekostnadene til barnet og foreldra sine reisekostnader knytte til å følgje barnet til og frå samværet. Det gjeld òg reise- og bukostnadene til forelderen som skal ha samvær med barnet der barnet bur. Reglane i § 9-5 sjuande ledd gjeld så langt dei høver.

Dersom foreldra ikkje blir einige om korleis kostnadene skal delast, kan kvar av dei reise sak for retten. Når begge foreldra ber om det, kan Arbeids- og velferdsetaten avgjere spørsmålet. Reglane i § 12-10 gjeld tilsvarande. Arbeids- og velferdsetaten sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.

Ei anna deling av kostnadene enn den som følgjer av første ledd, kan berre fastsetjast dersom det er særleg grunn til det.

Når begge foreldra ber om det, kan Arbeids- og velferdsetaten fastsetje at ein skriftleg avtale om deling av kostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8