§ 10. (motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend)

Når ei motorvogn som skulle vore trygda, men ikkje er det, gjer skade på folk eller eige, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a[^2], bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Det same gjeld når ei motorvogn som ikkje er trygda, vert nytta urettmessig. Fyrste og andre punktum gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden, endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda.

Har ei motorvogn gjort skade på folk, fast eigedom eller dyr, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 første ledd bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Fyrste punktum gjeld tilsvarande for skade på anna eige enn fast eigedom og dyr, men berre når det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg skade på person, skal det leggjast vekt på kor stor og varig skaden er.

Endra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 26 mars 1999 nr. 16, 15 juni 2001 nr. 61 (ikr. 16 juni 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 691), 8 juni 2007 nr. 19 (ikr. 11 juni 2007), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054).

1 Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (direktiv 2009/103 art. 10).

2 Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 7 (direktiv 2009/138).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-02-03
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
f128f8ed06889ceda50a10dc8ea7f2b369a728457e95dac2b46998900b3f0b80
Rendererversjon
8
I kraft
1961-06-01
Siste endring i kraft
2022-07-01