Når eige vert skadd, kan skadebota vera opptil 100 000 000[^2] kroner for det som vert skadd i same hending. Var det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile summen.
Er skaden på eiget større enn 100 000 000[^2] kroner, og meir enn éin har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav. Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen som det gjeld, jf. § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord. Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det som står att av ansvarssummen (trygdesummen).
Attåt skadebot som nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.
Endra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 17 des 1976 nr. 100, 21 juni 1985 nr. 81, 8 juni 2007 nr. 19 (ikr. 11 juni 2007, men sjå endringslovas del II), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054).
1 Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (direktiv 2009/103 art. 9).
2 Etter lov 8 juni 2007 nr. 19, II, gjeld dette beløpet frå 1 jan 2008. Frå 11 juni 2007 til og med 31 des 2007 var beløpet 2.000.000 kroner.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.