§ 17. (føresegner om trygding mv.)

Departementet kan gje nærare føresegner om trafikktrygding, m a om

  1. godkjenning eller registrering av trygdelag,
  2. krav til trygdelag, trygdeavtalar m v,
  3. plikt for trygdelag til å vera medlem i ein samskipnad av trygdelag (Trafikkforsikringsforeningen) og om samskipnadens verksemd,
  4. i kva grad trygding skal gjelda skade som motorvogn gjer i utlandet, og om utreiing av skadebot for slik skade,
  5. trygding for utanlandske motorvogner som vert nytta her i riket mellombels,
  6. utreiing av skadebot etter § 10, og om korleis slik skadebot skal bytast på trygdelaga,
  7. at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal reknast som utrygda etter reglane i bilansvarslova § 10, og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd ut skadebot for slik skade,
  8. trygding for motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her,
  9. at alle eller sume slag uregistrerte motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller fråsegsette på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast.

Departementet kan vidare gje nærare føresegner om oppretting og drift av informasjonssenter og erstatningsorgan i samsvar med dei plikter staten har påtatt seg gjennom EØS-avtalen. I den utstrekning departementet finn det tenleg, kan ein leggje oppgåver i samband med dette til Trafikkforsikringsforeningen.

Endra med lover 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 21 juni 2002 nr. 41 (ikr. 1 jan 2003), 8 juni 2007 nr. 19 (ikr. 11 juni 2007), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054). Vert endra ved lov 20 juni 2025 nr. 80 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

1 Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (direktiv 2009/103).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-02-03
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
f128f8ed06889ceda50a10dc8ea7f2b369a728457e95dac2b46998900b3f0b80
Rendererversjon
8
I kraft
1961-06-01
Siste endring i kraft
2022-07-01