Når nokon vil gå i gang med planting, graving, bygging, industriverksemd eller anna tiltak som kan verta til skade eller ulempe på granneeigedom, skal han varsla grannen i rimeleg tid føreåt.
Er det ikkje råd å finna den som skal varslast eller er det uvisst kor mange som skal ha varsel, skal det lysast ut i minst eitt blad som er mykje lest på staden. Same varslingsmåten kan nyttast når det av andre grunnar er vanskeleg å få varsla grannen direkte på vanleg måte.
Grannevarsel er ikkje påkrevd når tiltaket har slik oreigningsrett som nemnd i § 10 første stykket bokstav (b).
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.