§ 7

Spørsmål om korleis eit tiltak bør setjast i verk, så det ikkje kjem i strid med denne lova, kan kvar av grannane få avgjort føreåt med granneskjøn. Vil andre enn den som set tiltaket i verk, krevja slikt skjøn, må det gjerast seinast 4 veker etter at han fekk varsel som nemnt i § 6. Kravet om skjøn kan i alle høve avvisast når det ikkje har rimeleg grunn. Når skjøn er kravt, må tiltaket ikkje setjast i verk utan serskilt samtykke av skjønet før endeleg avgjerd ligg føre i skjønssaka.

Finn skjønet at tiltaket kjem i strid med denne lova, set det forbod mot at tiltaket vert fremja når det er fare for at iverksettinga kjem til å valda alvorleg skade på annan manns eigedom. Endå om det ikkje er slik fare, skal det setjast forbod som nemnt, dersom det er klårt at tiltaket kjem i strid med lova.

Skjønet kan taka avgjerd om førehandstrygd for ansvar etter § 9. Likeins kan det taka avgjerd om føregjerder etter § 5 og om skyldnad for partane etter § 13.

Granneskjønn kan ikkje krevjast når tiltaket har slik oreigningsrett som nemnt i § 10 første stykket bokstav (b).

Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-06-16-15
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4078eee5de8713f37686712b8703d2c0f1e3ee8a003d79f306e0a8d29142ab7b
Rendererversjon
8
I kraft
1962-01-01
Siste endring i kraft
2016-04-22