§ 34. Merking og måling av grenser

I oppmålingsforretning for ny grunneigedom, ny festegrunn, nytt jordsameige og uteareal til eigarseksjon, skal alle grensene merkjast og målast i marka og oppgivast med koordinatar. Merking og måling er ikkje nødvendig for grenser som er tilfredsstillande merkte og koordinatbestemte i tidlegare forretning eller sak for jordskifteretten, når uteareal til eigarseksjon er eintydig fastlagt med koordinatar, eller når det er løyve til dette etter § 10 fjerde ledd. Koordinatane skal fastsetjast i eit geodetisk grunnlag som er godkjent av sentral matrikkelstyresmakt.

Anleggseigedom skal kartfestast på tilsvarande måte. For punktfeste skal festepunktet vere merkt og målt.

For matrikulering av umatrikulert grunneigedom, umatrikulert festegrunn og registrering av jordsameige, er det tilstrekkeleg at grensene blir viste på kart godkjent av kommunen for slik bruk.

Reglane om merking og måling gjeld tilsvarande for arealoverføring, endring av festegrunn, matrikkelomforming, grensejustering og klarlegging av eksisterande grense.

Departementet kan gi forskrift om merking, måling og kartfesting av matrikkeleiningar, mellom anna om når måling og grensemerking kan utelatast.

Endra ved lover 3 sep 2010 nr. 56 (ikr. 3 sep 2010 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1246), 16 juni 2017 nr. 65 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 15 sep 2017 nr. 1393), 20 apr 2018 nr. 12 (ikr. 20 apr 2018 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 593), 18 juni 2021 nr. 130 (ikr. 1 juli 2021 iflg. res. 18 juni 2021 nr. 2008), 20 juni 2025 nr. 93 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 20. juni 2025 nr. 1328).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-06-17-101
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a
Rendererversjon
8
I kraft
2010-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01