Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal setjast fram overfor den kommunen som skal matrikkelføre forretninga. Kommunen skal gjennomføre og matrikkelføre forretninga utan unødig opphald. Kommunen og rekvirenten kan avtale lengre frist etter reglar fastsett av departementet i forskrift.
Kommunen skal peike ut ein landmålar for kvar oppmålingsforretning. Landmålaren må ha gyldig landmålarbrev. Landmålaren skal ta vare på interessene til alle partane, undersøke relevante dokument og elles sørge for at forretninga blir utført i samsvar med god landmålarskikk.
Kommunen kan avvise rekvisisjon om klarlegging av eksisterande grense etter § 17 første ledd bokstav a, dersom det tidlegare er halde oppmålingsforretning, eller tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving, over vedkommande grense.
Statsforvaltaren kan fatte vedtak om fullføring og matrikkelføring av oppmålingsforretning som ikkje er fullført eller matrikkelført innan oppgitt frist, for kommunen si rekning.
Departementet kan gi forskrift om rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning, til dømes om tidsfristar og avvising av rekvisisjon, og om utføring av oppmålingsforretning og matrikkelføring etter vedtak av statsforvaltaren.
Endra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 20 jan 2012 nr. 7 (ikr. 18 sep 2015 iflg. res. 18 sep 2015 nr. 1059), 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.