§ 50. Iverksetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunktet Kongen bestemmer.[^1] Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik tid.

Føresegnene i § 7 trer i kraft ikkje tidlegare enn fire år frå det at lova trer i kraft.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om iverksetjing, under dette reglar om iverksetjing til ulik tid i ulike kommunar. I kommunar der matrikkelen ikkje er sett i drift, skal opplysningar førast i GAB-registeret og på eksisterande eigedomskart.

Endra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 3 sep 2010 nr. 56 (ikr. 3 sep 2010 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1246).

1 Etter res. 9 feb 2007 nr. 150 er § 1, § 2, § 3, § 4, § 22, § 28, § 30, § 31, § 32 (2) og (3), § 50 og § 51 (5) ikr. 9 feb 2007. Etter res. 27 feb 2009 nr. 242 er § 5a og § 51 (2) og (3) ikr. 27 feb 2009. Etter res. 5 juni 2009 nr. 600, som endra ved res. 4 des 2009 nr. 1453, er § 5, § 6, § 8 til § 21, § 23 til § 27, § 29, § 32 første ledd, § 33 til § 49, § 51 første ledd og § 52 nr. 1, 2, 4 til 8, 9 med unnatak for endringane i jordskiftelova § 24 og § 29 tredje ledd, og 10 til 16 sette ikr. frå 1 jan 2010. Lov 3 sep 2010 nr. 56 (ikr. 3 sep 2010 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1246) opphevde endringane i § 52 nr. 9 og nr. 12. Etter res. 17 des 2021 nr. 3632 er § 52 nr. 3 sette i ikr. frå 1 jan 2022. Etter dette er det berre § 7 som ikkje er sette ikr.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-06-17-101
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a
Rendererversjon
8
I kraft
2010-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01