Fleirtalet kan setja eit styre til å ta seg av det som trengst for at tingen kan verta tenleg styrd og utnytta. Før styret kan veljast, må det vera fastsett skrivne vedtekter i samsvar med andre stykket om val på styre og om kva avgjerder styret kan ta.
Sameigarane kan elles og fastsetja skrivne vedtekter om sameigarmøte og avgjerder på slike møte, om val på tillitsmenn o.a. og om kva gjeremål og fullmakter dei skal ha. Vert sameigarane ikkje samde, kan vedtektene fastsetjast med fleirtalsvedtak, men då må dei ha godkjenning av tingretten.
Retten tek avgjerd om godkjenning eller ikkje godkjenning i orskurd. Avgjerda kan ankast.
Endra med lover 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.