Fleirtal etter §§ 4-6 er dei eller den som har meir enn halvparten i sameiga. Halvparten er nok, når mindre enn halvparten røystar mot. Står halvpart mot halvpart, vert spørsmålet avgjort med lutkast.
Ingen må røysta i avgjerd om avtale med seg sjølv eller om sitt eige ansvar. Det same gjeld avgjerd om avtale med ektemaken eller ansvar for ektemaken. I slik avgjerd gjeld fyrste stykket tilsvarande, såleis at halvparten vert rekna etter dei partar som har røysterett.
Der det ikkje er grunnlag for anna, har ein sameigar rett til å røysta med fullmektig. I vedtekter etter § 6 kan det setjast nærare reglar om og vilkår for denne retten.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.