(1) Når eit foretak høyrer til eit konsern, kan konsernet og eit fleirtal av dei tilsette, eller konsernet og ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, inngå skriftleg avtale om at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.
(2) Når eit foretak tilhøyrer eit konsern, og det ikkje føreligg ei avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette eller ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, fastsetje at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.
(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit foretak tilhøyrer ei gruppe av foretak som er knytt saman gjennom eigarinteresser eller sams leiing, medrekna føderativt samvirke.
(4) Kongen kan fastsetje at paragrafen her berre skal gjelde for delar av eit konsern, eit føderativt samvirke eller ei anna gruppe som nemnd i tredje ledd.
Endra med lov 20 juni 2014 nr. 25 (ikr. 1 juli 2014).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.