§ 69. Krav til kjønnssamansetjinga i styret

(1) Føresegnene i denne paragrafen gjeld for samvirkeforetak som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:

  1. samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,
  2. fleire enn 30 tilsette, som skal reknast likt som etter § 67, eller
  3. meir enn 500 medlemmar.

(2) Har styret tre eller fleire medlemmar, skal kjønnssamansetjinga i styret oppfylle følgjande krav:

  1. Har styret tre eller fire medlemmar, kan maksimalt to styremedlemmar ha same kjønn.
  2. Har styret fem eller seks medlemmar, kan maksimalt tre styremedlemmar ha same kjønn.
  3. Har styret sju medlemmar, kan maksimalt fire styremedlemmar ha same kjønn.
  4. Har styret åtte medlemmar, kan maksimalt fem styremedlemmar ha same kjønn.
  5. Har styret ni eller fleire medlemmar, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmane ha same kjønn.

(3) Andre ledd gjeld tilsvarande for varamedlemmar.

(4) Får eit foretak plikt til å oppfylle krava til kjønnssamansetjing, skal styret seinast ein månad etter første etterfølgjande ordinære årsmøte oppfylle krava til kjønnssamansetjing etter andre og tredje ledd.

(5) For styremedlemmar som dei tilsette skal velje etter § 67, gjeld krava til kjønnssamansetjing i § 69 a.

(6) Departementet kan gi forskrift med nærmare reglar om kva som skal reknast som driftsinntekter og finansinntekter etter første ledd nr. 1.

Endra med lov 20 des 2023 nr. 114 (i kraft 1 jan 2024).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2007-06-29-81
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
Rendererversjon
8
I kraft
2008-01-01
Siste endring i kraft
2024-11-01