§ 69 a. Krav til kjønnssamansetjing for styremedlemmar valde av og mellom dei tilsette

(1) Dersom det skal veljast to eller fleire styremedlemmar av og mellom dei tilsette etter § 67, kan ikkje alle desse styremedlemmane ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmar. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom meir enn 80 prosent av det samla talet på dei tilsette i laget, har same kjønn.

(2) I foretak med fleire enn 200 tilsette, skal kjønnssamansetjinga blant styremedlemmar som veljast av og mellom dei tilsette etter § 67, oppfylle krava i § 69 andre og tredje ledd, likevel slik at om det blir valt to styremedlemmar etter § 67, kan ikkje desse ha same kjønn. Talet på tilsette skal reknast likt som etter § 67.

Føyd til med lov 20 des 2023 nr. 114 (i kraft 1 jan 2024).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2007-06-29-81
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
Rendererversjon
8
I kraft
2008-01-01
Siste endring i kraft
2024-11-01