Når skogen er skadd som følgje av uheldig skogbehandling, råte, brann, vindfelling, skred, sjukdom, sopp-, smågnagar-, hjortevilt- eller insektangrep, eller andre forhold som reduserer skogproduksjonen vesentleg, kan kommunen påleggje skogeigaren å setje i verk dei tiltak som er nødvendige for å rette opp skadane. Kommunen skal setje ein frist for slike tiltak. Fristen skal ikkje vere lengre enn 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen er tvangsgrunnlag for utlegg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.