§ 11. Meldeplikt

Når det er nødvendig for å halde kontroll med at lova blir følgt, kan kommunen eller anna skogbruksstyresmakt gjere vedtak om at skogeigarar skal ha plikt til å melde inn planar om hogst og tiltak knytt til forynging og stell av skog. Denne meldeplikta kan gjelde ein eller fleire skogeigarar i heile eller delar av kommunen.

Meldinga skal vere skriftleg og gi opplysningar om dei planane eigaren har for hogst eller tiltak. Meldinga skal sendast til kommunen seinast 3 veker før hogsten eller tiltaket skal setjast i verk.

Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen, eller gjort vedtak med heimel i §§ 6 tredje ledd, 8 andre ledd eller forskrift i medhald av §§ 4 eller 7, kan det meldte tiltaket setjast i verk i samsvar med dei reglane som gjeld etter lova. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Tillatelsen gjeld for 10 år.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-05-27-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d682cc2181541421f5c9fbf09cd04785ddf27d2b492646ac65f766e82306bbe0
Rendererversjon
8
I kraft
2006-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01