§ 2. Definisjonar

I denne lova tyder

  1. dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande
  2. allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar
  3. statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
  4. offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
  5. sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins
  6. regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2021-05-21-42
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
58b17eddae4aa3b9282006c1989c7e0adace1c003387ca08d6992c692e69677c
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01