§ 3. Verkeområde

Når det ikkje er fastsett noko anna, gjeld lova for

  1. staten, fylkeskommunane og kommunane
  2. andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift
  3. sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet
  4. sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.

Første punktum bokstav c og d omfattar ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  1. kommunane
  2. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d
  3. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar
  4. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget
  5. intern sakshandsaming.

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta.

Departementet kan gje forskrift om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis heller ikkje skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som lova elles gjeld for, og om val av skriftspråk i samband med eksamen ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular.

Endra ved lover 20 des 2022 nr. 115, 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2021-05-21-42
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
58b17eddae4aa3b9282006c1989c7e0adace1c003387ca08d6992c692e69677c
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01