(1) Styret kan gjere vedtak når meir enn halvdelen av medlemene er til stades eller deltek i styrehandsaminga, om ikkje strengare krav er fastsette i vedtektene.
(2) Styret kan likevel ikkje gjere vedtak utan at alle styremedlemene, om det er mogleg, er gitt høve til å delta i handsaminga av saka.
(3) Melder nokon forfall, og det finst varamedlem, skal varamedlemen innkallast.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.