(1) Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemene som er med på handsaminga av ei sak, har røysta for. Ved likt røystetal gjeld det som møteleiaren har røysta for. Dei som har røysta for eit framlegg som inneber ei endring, må likevel alltid utgjere meir enn ein tredel av alle styremedlemene i føretaket.
(2) Strengare røystereglar kan fastsetjast i vedtektene.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.