(1) Dei som er tilsette eller har tillitsverv i føretaket, skal ikkje for seg eller andre ta imot gåver, provisjonar, tenester eller andre ytingar frå andre enn føretaket som er eigna til, eller av givaren meinte, å påverke handlingane deira for føretaket. Det same gjeld gåver m.m. som det er forbode å ta imot etter instruks frå føretaksmøtet eller styret.
(2) Gåver, tenester eller andre ytingar som er nemnde i første ledd, kan heller ikkje takast imot av ektefellen til vedkomande, av ein person som vedkomande lever saman med, eller av eit selskap der ein person som nemnd i første ledd, aleine eller samla har bestemmande innverknad over verksemda.
(3) Den som har teke imot ei yting i strid med forbodet i paragrafen her, pliktar å betale føretaket eit beløp som svarer til verdien av det som urettmessig er motteke.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.