(1) Det skal førast protokoll over styrehandsaminga. Protokollen skal minst opplyse om tid og stad, deltakarar, handsamingsmåte og vedtak frå styret. Det skal gå fram at sakshandsaminga oppfyller krava i § 5-22.
(2) Er ikkje vedtaket til styret einrøystes, skal protokollen opplyse om kven som har røysta for og imot. Når styremedlemer eller dagleg leiar ikkje er einige i eit vedtak, kan dei krevje å få oppfatninga si ført inn i protokollen.
(3) Alle medlemene som har delteke i styrehandsaminga, skal signere protokollen.
(4) Protokollen skal snarast, og seinast fjorten dagar etter at styreprotokollen er godkjend av styret, sendast til departementet.
(5) Protokollen skal oppbevarast på forsvarleg vis i heile levetida til føretaket.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.