(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overtakande føretaket) skal overta eigedelane, rettane og forpliktingane til eit anna statsføretak (det overdragande føretaket) som heilskap.
(2) Når det er gjort vedtak etter første ledd, skal styra i føretaka som skal slåast saman, utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at føretaksmøta i føretaka godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 gjeld tilsvarande så langt dei passar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.