§ 7-2. Fisjon (deling) av statsføretak

(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) skal

  1. fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på føretaket sjølv og eitt eller fleire overtakande statsføretak, eller
  2. fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på to eller fleire overtakande statsføretak.

(2) Styret i det overdragande føretaket skal utarbeide ein fisjonsplan. Aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 14-4 første ledd nr. 1 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak skal styra i dei føretaka som deltek, utarbeide ein felles fisjonsplan.

(3) I det overdragande føretaket blir fisjonen vedteken ved at føretaksmøtet godkjenner fisjonsplanen. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak er det føretaksmøtet i det eller dei overtakande føretaka som gjer vedtaket om fisjon.

(4) Aksjeloven §§ 14-7 til 14-11 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01