(1) Eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap (det overdragande selskapet) kan overdra eigedelane, rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit statsføretak (det overtakande føretaket). Styra i det overdragande selskapet og det overtakande føretaket skal utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at generalforsamlinga i det overdragande selskapet og føretaksmøtet i det overtakande føretaket godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 eller allmennaksjeloven §§ 13-6, 13-11 og 13-14 til 13-18 gjeld tilsvarande så langt dei passar.
(2) Første ledd gjeld tilsvarande ved fusjon mellom eit heileigd dotterselskap til eit statsføretak og statsføretaket, der statsføretaket er det overtakande føretaket.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.