§ 7-3. Fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) kan overdra eigedelane, rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap (det overtakande selskapet) mot at staten får ei av desse formene for vederlag:

  1. aksjar i det overtakande selskapet
  2. slike aksjar med eit tillegg som ikkje må overstige 20 prosent av det samla vederlaget.

(2) Ved fusjonen gjeld reglane om fusjon i aksjeloven §§ 13-3 til 13-22 tilsvarande dersom det overtakande selskapet er eit aksjeselskap, og reglane om fusjon i allmennaksjeloven §§ 13-3 til 13-23 dersom det overtakande selskapet er eit allmennaksjeselskap. Når reglane i aksjeloven eller allmennaksjeloven blir nytta, er det føretaksmøtet som blir rekna som generalforsamlinga til det overdragande føretaket.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01