§ 8-10. Ansvar for udekte forpliktingar

(1) Overfor kreditorar som ikkje har fått dekning etter § 8-7 og heller ikkje er tilstrekkeleg tryggja ved avsetning etter § 8-8 andre ledd, heftar staten inntil verdien av det som staten har teke imot ved oppløysinga av føretaket. Overfor slike kreditorar heftar dessutan styremedlemene solidarisk utan avgrensing dersom det ikkje blir godtgjort at dei har opptredd med tilbørleg aktsemd.

(2) Krav frå kreditorar etter første ledd blir forelda tre år etter at den endelege oppløysinga av føretaket vart registrert i Føretaksregisteret.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01