(1) Statsføretaket, staten eller andre kan krevje at dagleg leiar eller styremedlemer erstattar skade som dei i den nemnde eigenskapen har valda vedkomande med forsett eller aktlaust.
(2) Statsføretaket, staten eller andre kan også krevje erstatning av den som med forsett eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnd i første ledd. Det kan krevjast erstatning av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi vedkommande ikkje har handla med forsett eller vist aktløyse.
(3) Aksjeloven §§ 17-2, 17-3, 17-5 og 17-6 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Aksjeloven §§ 17-3 og 17-5 gjeld tilsvarande for myndet til å krevje offentleg påtale og reise privat straffesak så langt føresegnene passar. Aksjeloven § 17-5 gjeld tilsvarande for krav frå føretaket på tilbakeføring etter § 3-7 og krav på ulovlege gåveytingar etter § 5-27 tredje ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.