Ein mann kan erklære farskapen til eit barn født i Noreg, under svangerskapen eller seinare, dersom ikkje farskap allereie følgjer av reglane i denne lova. Erklæringa gjeld berre når ho er gitt av den som mora har peika ut som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Dersom den som vil erklære farskap etter denne paragrafen, er under 18 år, må dei som har foreldreansvaret for han, òg skrive under på erklæringa. Faren må identifisere seg på ein sikker måte.
Farskap skal erklærast enten digitalt til Arbeids- og velferdsetaten eller skriftleg ved personleg frammøte for
Farskap kan òg erklærast ved returnering av skjema der Arbeids- og velferdsetaten oppmodar til å erklære farskap, jf. § 3-3 tredje ledd.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i Noreg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.