§ 2-6. Farskap etter erklæring for barn født i utlandet

Ein mann kan erklære farskap til eit barn født i utlandet, dersom barnet ikkje allereie har ein far etter reglane i denne lova. Dette kan skje skriftleg, ved personleg frammøte for utsend utanrikstenestetilsett eller Nav-kontor, når dette er i samsvar med reglane i § 15-2. Lova § 2-5 første ledd andre til fjerde punktum gjeld tilsvarande.

Dersom opplysningane i saka ikkje gir grunnlag for å slå fast farskapen med rimeleg sikkerheit, kan myndigheita be om eigna prøve for DNA-analyse frå barnet, mora og den som vil erklære seg som far, i desse tilfella:

  1. når barnet, mora eller ein som vil erklære seg som far, ikkje kan dokumentere identiteten sin, eller
  2. når det er grunn til å tru at nokon har gitt urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet.

Når ein som vil erklære seg som far, seier nei til å gi frå seg prøve etter andre ledd, eller når ein DNA-analyse viser at han ikkje er far til barnet, kan han ikkje erklære farskap.

Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i utlandet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8