§ 15-2. Jurisdiksjon i saker om foreldreskap

Ei sak om morskap kan handsamast i Noreg etter kapittel 4 og § 3-2 første ledd dersom

  1. barnet har vanleg bustad i Noreg,
  2. mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller
  3. mora seinare har fått vanleg bustad i Noreg.

Farskap eller medmorskap kan handsamast i Noreg etter §§ 2-5, 2-6, 2-8 og kapitla 3 og 4 dersom

  1. mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født,
  2. barnet seinare har fått vanleg bustad i Noreg, eller
  3. den oppgitte faren eller medmora har vanleg bustad i Noreg.

Ei sak om farskap og medmorskap skal likevel ikkje handsamast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av foreldreskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.

Ei sak om endring av farskap kan reisast i Noreg etter § 4-5 dersom nokon av dei som kan reise sak, har vanleg bustad i Noreg, eller dersom farskapen er fastsett etter denne lova.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8