Farskap eller medmorskap kan endrast med ei erklæring av farskap etter §§ 2-5 eller 2-6 frå ein som meiner å vere far, når mora skriftleg godtek erklæringa og den som har vore rekna som forelder, skriftleg samtykker til at foreldreskapen endrast. Foreldreskapen kan berre endrast når Arbeids- og velferdsetaten etter ein DNA-analyse har slått fast at den som erklærer farskap, er biologisk forelder til barnet. Dersom barnet har fylt 18 år, kan foreldreskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.